Smedvig
Kronikk: Oljen er arvesylvet

Kronikk: Oljen er arvesylvet

Olje- og gassinntektene skal aldri brukast. Det er rentene me skal leve av.

I fjor på denne tida skapte eg tilløp til furore, då ein analyse eg skreiv for tidsskriftet Samfunnsøkonomen synte at oljeutbygging i Lofoten/Vesterålen/Senja (Lofoten) etter alt å døme vil få lite å seie for handlingsrommet på statsbudsjettet. 

Eg hadde lenge stussa over at potensialet for offentlege velferdstenester ofte blei knytt til forventa bruttoinntekter frå olje- og gassverksemd. Ei slik jamføring gjev eit vrengjebilete av ressursforvaltninga her til lands. 

Så difor tenkte eg: La oss ta ein kikk på eit bestemt område av norsk sokkel, og undersøkje kva ei utbygging kan få å seie handlingsrommet på Statsbudsjettet. Lofoten peika seg ut, etter som området fortsatt ikkje er utvikla, oljenæringa si interesse er stor og den politiske sensitiviteten er høg. 

 

Nasjonalformuen 
Først trakk eg kostnadar frå forventa bruttoinntekter, etter som utgifter bør ha utgangspunkt i netto inntekter, og ikkje brutto salsverdiar. Deretter må ein ta høgd for at desse overskotta ligg langt inne i framtida, og difor rekna eg om til pengeverdiar i dag.  

Rekneøvinga for Lofoten resulterte i ein netto noverdi for staten på 133 milliardar kroner. Dette var det ingen som krangla på. Men så minna eg om at den norske modellen inneber at desse pengane aldri kan brukast. Aldri. Grunnen er at dei representerer ein del av nasjonalformuen, og om me brukar av nasjonalformuen så blir me fattigare. Mest som å selje arvesylvet for å ta seg ein fest. 

 

Forventa avkastning 

Då ser ein kanskje fornuften i å sende staten sine oljeinntekter rett på Statens Pensjonsfond – Utland (Oljefondet). Det me skal bruka er forventa avkastning av opphopinga, for tida estimert til tre prosent. Difor peika eg på at 133 milliardar kroner frå Lofoten vil gje staten fire milliardar kroner ekstra å rutte med kvart år, og at dette svarar til 768 kroner per innbyggar. Då blei det bråk, og eg fekk eit svare strev med å halde unna i avisdebatten - midt i ferien. 

Men analysen står seg fortsatt. Det finst faktisk eit par modererande verknadar eg hadde oversett i første omgang. For eg tok ikkje høgd for auken i folkesetnaden på 0,7 prosent i året. Her ryk det eit par hundrelappar per innbyggar. Jo større folkesetnad, di fleire å dele på. 

 

Trygt plassert 

Nøysemda i den norske modellen følgjer elles det såkalla ‘fugl-i-handa’-prinsippet, som inneber at ein ikkje skal bruke ei krone av oljeinntektene før dei faktisk er trygt plassert i Oljefondet. For eventuelle inntekter frå Lofoten vil dette skje langsamt og gradvis, med avleiring på Oljefondet først frå rundt 2040 og utover. Verknadar for velferdstenestene av ei utbygging av Lofoten blir difor små, og vil neppe gjere seg gjeldande før om 25 års tid. 

Olje- og gassressursane frå Lofoten representerer sårt tiltrengte opsjonar for oljeselskapa, i ei tid der uvissa rundt etterspurnad og prisar er på veg opp og tilgangen til nye utbyggingsprosjekt er på veg ned. For staten, samfunnet og nasjonen er oljeutvinning i Lofoten vesentleg mindre viktig, mest uansett korleis ein vrir og vrengjer på tala for området. 

 

Villeiande 

Fortsatt ser ein stadige døme på at inntekter frå olje- og gassverksemda blir stilt saman med utgifter til utdanning, helse- og omsorgstenester. Slike jamføringar er villeiande, undergrev oppslutninga om den norske modellen for forvaltning av ressursinntekter og forvirrar det offentlege ordskiftet. 

Eit suksesskriterium i den norske forvaltningsmodellen er nemleg det skarpe skillet ein har etablert mellom inntektene frå oljeverksemda på den eine sida og bruken av slike inntekter på den andre. Staten sine nettoinntekter frå oljeverksemda går uavkorta inn på Oljefondet. Handlingsregelen for finanspolitikken sikrar deretter at det årlege uttaket frå fondet ikkje overstig forventa avkastning. Resultatet er at fondsverdien er intakt, og kan haldast ved lag gjennom generasjonar.  

For kvar hundrelapp me lykkast i å sette til side frå olje- og gassutvinninga, så kan me bruke tre kroner ekstra over statsbudsjettet. Men med 85 milliardar hundrelappar på bok, så blir sjølv tre prosent til store pengar. Resultatet er at oljerikdommen kan vare langt, langt inn i framtida. Men berre så lenge ein ikkje let seg freiste til å bruke pengane etter kvart som dei kjem. 


Av Klaus Mohn, professor, Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger 

Skriv ut Tilbake til oversikten

Siste fra Debatt

  • Når de ansvarlige fornekter at omstillingen går dårlig

    16. apr 2019
    Ikke alle reformer, omorganiseringer og endringsprosesser blir en suksess, snarere tvert om, de havner i en hengemyr der man ikke kommer noen vei. Da er det to løsninger: Man kan erkjenne utfordringene og endre kurs, eller man kan ta på seg øreklokker og sveisebriller og håpe det går over. Mange endringsledere velger det siste.
  • En ny energiarena

    16. apr 2019
    Skulle vi fulgt trenden skulle vi ikke bygget vindmøller, men softwaren som driver vindmølleparker. I vår iver etter omstilling skulle vi ikke sett på det grønne, men det digitale.
  • Det grønne skiftet koster – men hvor mye?

    16. apr 2019
    Utfordringene står i kø for Stavanger-regionen når vi skal foreta det grønne skiftet mot et samfunn med lavere klimagassutslipp.
  • Energikommentaren: Energi, miljø og markedskrefter

    15. apr 2019
    Når det argumenteres for at vi må senke forbruket av alkohol har jeg aldri hørt noen foreslå at Norge må forby produksjon av alkohol. Jeg har aldri hørt noen si at vi må legge ned Løiten Brenneri, Lervig Bryggeri eller kvitte oss med Berentsens i Egersund. Alle skjønner at det alltid vil være et tilbud dersom det er etterspørsel. Altså er det forbruket som må begrenses. Slik fungerer markedskreftene. Utbudet av varer og tjenester vil alltid tilpasses markedet.
  • – Planleggerne gikk i motsatt retning av bestillingen

    09. apr 2019
    11. april er D-dagen for Forus-planen! Da legger IKDP-administrasjonen frem sitt endelige forslag etter ikke mindre en to høringsrunder. Etter en elendig planprosess, hastverksarbeid og en lite lyttende administrasjon som har misforstått oppgaven, er spørsmålet om planen inntil videre bare bør legges i en skuff eller om det er mulig å fatte et vedtak før høstens valg, slik politikerne ønsker.