Du er allerede påmeldt dette arrangementet
Arena Ryfylke er blitt den viktigaste møteplassen i Ryfylke når hausten får fotfeste. Arrangørtrioen Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen har i år med seg Sauda kommune på arrangørsida og Sparebanken Vest som hovudmedspelar.
Arena Ryfylke 2024 blir ei «klassereise» som startar på Folkets Hus og endar på Sauda Klubb. Men, det er meir enn ein tur frå arbeidarrørsla si høgborg og til funksjonærane sitt klubblokale. Arena Ryfylke er ein møtestad med spennande gjester, aktuelle tema, positivt blikk, reflekterande tema, prisutdelingar, kreativ synfaring, herleg mat frå Ryfylke og eit offensivt treffpunkt. Ja, kort og godt den årlege storsamlinga i Ryfylke.
Dagen blir delt inn i tre:
KLIKK HER for komplett program og praktisk informasjon!
TRANSPORT: Me oppmodar til å bruka kollektivtransport der det er mogleg – og konferanseprogrammet er tilpassa rutetidene. Frå Stavanger, Tau og øyriket kan ein reisa raskt og effektivt med hurtigbåt til Hebnes med korresponderande buss vidare til Sauda. Det er sett opp ekstrabåt tilbake igjen kl. 20.00. Billett kjøpes ved registrering til konferansen. Velg også ved registrering til konferansen om du skal kjøre rutebuss frå Hebnes om morgonen, slik at kapasitet kan tilpassast.
>> For meir info om arrangementet, kontakt Egil Hollund i Næringsforeningen.
>> Avbestilling må gjerast innan sju dagar før møtestart.
Arrangementet er i regi av Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen, i samarbeid med Sparebanken Vest og fleire gode partnarar.
© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner