Relasjonar og innovasjonar – i krisetider
Kronikk

Relasjonar og innovasjonar – i krisetider

Innovasjon skjer ofte der ulik kunnskap kryssast, men det krev modige og trygge leiarar som legg til rette for at dette skal kunne skje. Dermed er det viktig at leiarar er klar over viktigheita av å få fram ulike perspektiv for å kunne kome fram til dei beste og mest treffande løysingane.
09.november 2021 Marte C.W. Solheim, førsteamanuensis og leiar av senter for innovasjonsforsking ved UiS

Ein må også vere open for kontinuerleg endring og kontinuerleg læring. Mangfaldig kunnskap kan medverke til å løyse komplekse utfordringar, og ved å framleis tenke inkludering i dagens avgjersleprosessar, kan ein dra stor nytte av potensialet i mangfaldet. Å vere open for og finne samarbeidspartnarar etter kvart som korona-krisa endrar seg er ein del av denne stadig oppdaterte utfordringa, og det at ein er medviten at ein lett kan falle i mønstre av «bias» og «ekskludering».

 

Samhandling innomhus

Covid-19 pressa mange av oss til å sitte på heimekontor, og no når vi ser at vi vender attende til kontora (i større grad), så er det viktig å tenke på at ein må bygge opp att den relasjonelle kapitalen. I løpet av koronakrisa så mista ein «Watercooler»- samhandlinga, og den tillitsbyggande aktiviteten ein får ved å vere saman. Det er vanskelegare å bygge opp sosial kapital gjennom digital samhandling, og ein tærer ofte heller på det som er bygd opp gjennom tett samarbeid over tid.

I ein stor studie som i løpet av dei første seks månadane av 2020 vart gjennomført av over 60.000 Microsoft arbeidarar søkte dei å finne årsaks-samanhengar mellom heimekontor og samhandling og kommunikasjon. Dei drog nytte av informasjon som e-post, kalender, video- samtalar og meldingar, og fann det at heimekontor påverka samhandlinga på den måten at det vart meir statisk og silo- aktig, med mindre samhandling mellom ulike delar. Dei hevdar at det også vart ein nedgang i synkron kommunikasjon og auke i asynkron kommunikasjon, og at samla sett så vart det vanskelegare for medarbeidarar å finne og dele informasjon med kvarandre.

Nye tekniske løysingar, som til dømes, diskusjonsrom kan føre til at ein får fram fleire stemmer. På eit møte, eller i til dømes eit klasserom, så er det typisk nokre som snakkar meir enn andre og som kan dominere samtalen meir enn andre. I eit diskusjonsrom, fasilitert gjennom desse nye plattformane som vert tekne i bruk, så kan ein legge desse til rette slik at alle får, eventuelt at alle må delta.

På den måten kan den som vanlegvis ikkje er så aktiv, få delta, og på den måten kan den stille personen sine idear bryte igjennom og kome til overflata. Her er det viktig å vere medviten på: (i) kven ein inviterer til å bidra og (ii) korleis ein legg til rette for dialog/kva slags stemmer vert høyrt.

 

Samhandling utomhus

Saman med forskar-kollega har vi gjennom panelintervju, djubdeintervju og spørjeundersøking retta mot nyoppretta og etablerte verksemder siste året, observert at det i løpet av pandemien har ført til at nye samarbeidsformer tvinger seg fram. Ulike verksemder tek i bruk andre plattformer og det tvinger seg fram nye kreative løysingar for å ha kontroll på den daglege drifta, både innomhus og utomhus. Fleire selskap har teke i bruk ny teknologi som er tvunge fram for å halde effektiviteten og oversikt i selskapet generelt og på avdelingsnivå. Det vart tydeleg at verksemdene i første del av krisa gjekk igjennom ei «sjokkdigitalisering», der dei raskt implementerte og nyttegjorde seg av digitale kommunikasjons og samarbeidsplattformer.

Vi observerer at til tross for at det er auka grad av «digital aksept» og at ein kan kommunisere via digitale kanalar, og at fleire opplev at det er eit «meir likt spelefelt»: altså at ein kan sitje «kor som helst» og framleis få «vere med på leiken». Det framstår samstundes krevjande å utvikle heilt nye relasjonar mellom verksemder ved å berre dra nytte av dei digitale plattformene. Særleg kan dette vere krevjande når ein skal knyte nye kontaktar utanfor Noreg.

I krisesituasjonar er lett å trekke til seg dei som ein stoler på og kjenner godt, men det er gjerne særleg då at ein profitterer på å få kasta lys på utfordringane ein står overfor frå ulike ståstadar. Verksemder framover kjem til å måtte tenke nytt om korleis dei samhandlar og legg til rette for gode samarbeidsprosessar innomhus og utomhus. Her vil det fordre at ein tenkjer gjennom korleis og med kven ein samhandlar. Det har siste tida for mange verksemder ikkje handla om å sleppe fram ulike stemmer, men om å overleve. Her har fokuset då lege på den daglege drift. Samstundes er det viktig å reflektere over at det kan hende er nettopp denne usikre situasjonen som krev at utfordringane vert belyste frå ulike ståstadar.

Dermed er det viktig at leiarar legg til rette som best mogeleg er, for at dei tilsette, og samarbeidspartnarar, kan bidra og bli følgt opp på digitale plattformer gjennom til dømes diskusjonsrom, og fora.

Andre liknende nyheter

PROFILEN: Målet er en besettelse

Det strider kanskje mot en uskreven naturlov at en ung gutt fra det milde Sør-Vestlandet er det som skal til for å gjenvinne begeistringen og troen på…

LEDER: Det nye Vestlandet

Påsken ble ikke så stille som planlagt! I palmehelgen sendte nemlig Næringsforeningen denne tegningen til Bergens Tidende. Da smalt det skikkelig i ko…

Aksjeåret: Hvem leder etter 1. kvartal?

Slik ligger det an med 2024-aksjene ekspertene plukket ut på Aksjeåret i januar.

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner