Produksjonen på norsk sokkel held seg høg fram mot slutten av 2020-talet. Etter det er det venta nedgang.
Ressursane på norsk sokkel kan utviklast vidare gjennom det som har prega verksemda heilt sidan starten: kunnskap, teknologi, vilje til å investera – og mot til å utforska nye moglegheiter.
Rapporten viser at norsk sokkel framleis kan skapa store verdiar, men at utviklinga fram mot 2050 har eit stort utfallsrom.
Leiting løner seg – og gir morgondagens produksjon
Dei gjenverande ressursane er estimerte til om lag 7 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar. Til samanlikning er det produsert og levert om lag 9 milliardar så langt.
Om lag halvparten av ressursane som er igjen, er ennå ikkje funne. Derfor blir leiting avgjerande for produksjon og verdiskaping på lang sikt.
Leiting på norsk sokkel er lønsamt i alle havområde. Dei siste 25 åra har ei krone investert i leiting gitt fire kroner tilbake.
Funn må raskare i produksjon
Det er over 90 funn på sokkelen som det ennå ikkje er beslutta å bygga ut.
Mange funn er små og må koplast på eksisterande infrastruktur for å bli lønsame. Kortare tid frå funn til produksjon kan derfor bidra til at fleire ressursar blir henta ut.
Utfallet i 2050 kan bli svært ulikt
Ressursrapporten viser tre moglegheitsbilete for produksjonen fram mot 2050. Alle viser nedgang over tid, men tempoet og omfanget er svært ulikt.
I eit høgt moglegheitsbilete kan produksjonen i 2050 ligga på om lag to tredelar av dagens nivå. I eit lågt moglegheitsbilete kan han falla til rundt fem prosent.
LES OGSÅ: 25 debatter og nettverkstreff på Rygerelektra: – Vi tilbyr kanskje Arendals beste møtelokaler
Barentshavet peikar seg ut
Nordområda har det største gjenværande ressurspotensialet på norsk sokkel. Store delar av Barentshavet er framleis lite utforska.
Samtidig er avgrensa kapasitet for gasseksport ei utfordring. Analysane viser at større kapasitet kan gjera det mogleg å produsera ressursane opptil 20–30 år tidlegare enn med dagens kapasitet.
FÅ OVERSIKT:Sjekk ut det komplette programmet på Energihovedstaden
Sokkeldirektoratet på Arendalsuka
Sokkeldirektoratet presenterer altså nokre perspektiv frå rapporten under Arendalsuka. Temaa er ressursgrunnlaget, framtidig produksjon, Barentshavet, energitryggleik og verdiskaping på sokkelen. Her deltar me: