Skip to main content

10-14 august samles politikk, næringsliv og organisasjonsliv i Pollen i Arendal sentrum under Arendalsuka 2026. Foto: Arne Birkemo/Næringsforeningen

Arendalsuka: Her møter du Sokkeldirektoratet

Energi er eit viktig tema under Arendalsuka også i år. Sokkeldirektoratet skal bidra med fakta og analysar under fem ulike arrangement. Her deler me nokre perspektiv frå Ressursrapporten 2026, som blir lansert 20. august.

7. august 2026

Produksjonen på norsk sokkel held seg høg fram mot slutten av 2020-talet. Etter det er det venta nedgang. 

Ressursane på norsk sokkel kan utviklast vidare gjennom det som har prega verksemda heilt sidan starten: kunnskap, teknologi, vilje til å investera – og mot til å utforska nye moglegheiter.

Rapporten viser at norsk sokkel framleis kan skapa store verdiar, men at utviklinga fram mot 2050 har eit stort utfallsrom. 

Harald på dekk
Sokkeldirektoratet kommer til å ha flere arrangementer om bord på Rygerelektra under Arendalsuka. Foto: Næringsforeningen

 

Leiting løner seg – og gir morgondagens produksjon

Dei gjenverande ressursane er estimerte til om lag 7 milliardar standard kubikkmeter oljeekvivalentar. Til samanlikning er det produsert og levert om lag 9 milliardar så langt.

Om lag halvparten av ressursane som er igjen, er ennå ikkje funne. Derfor blir leiting avgjerande for produksjon og verdiskaping på lang sikt.

Leiting på norsk sokkel er lønsamt i alle havområde. Dei siste 25 åra har ei krone investert i leiting gitt fire kroner tilbake. 

 

Funn må raskare i produksjon

Det er over 90 funn på sokkelen som det ennå ikkje er beslutta å bygga ut.

Mange funn er små og må koplast på eksisterande infrastruktur for å bli lønsame. Kortare tid frå funn til produksjon kan derfor bidra til at fleire ressursar blir henta ut.

 

FÅ INFO: Skal du på Arendalsuka? Registrer deg her for å få tilsendt informasjon om programmet på Rygerelektra.

 

Utfallet i 2050 kan bli svært ulikt

Ressursrapporten viser tre moglegheitsbilete for produksjonen fram mot 2050. Alle viser nedgang over tid, men tempoet og omfanget er svært ulikt.

I eit høgt moglegheitsbilete kan produksjonen i 2050 ligga på om lag to tredelar av dagens nivå. I eit lågt moglegheitsbilete kan han falla til rundt fem prosent. 

 

LES OGSÅ: 25 debatter og nettverkstreff på Rygerelektra: – Vi tilbyr kanskje Arendals beste møtelokaler

 

Barentshavet peikar seg ut

Nordområda har det største gjenværande ressurspotensialet på norsk sokkel. Store delar av Barentshavet er framleis lite utforska.

Samtidig er avgrensa kapasitet for gasseksport ei utfordring. Analysane viser at større kapasitet kan gjera det mogleg å produsera ressursane opptil 20–30 år tidlegare enn med dagens kapasitet.

 

FÅ OVERSIKT:Sjekk ut det komplette programmet på Energihovedstaden

 

Sokkeldirektoratet på Arendalsuka

Sokkeldirektoratet presenterer altså nokre perspektiv frå rapporten under Arendalsuka. Temaa er ressursgrunnlaget, framtidig produksjon, Barentshavet, energitryggleik og verdiskaping på sokkelen. Her deltar me: 

  • 11. august kl. 11.00–11.45: Ligger fremtiden i Barentshavet? – Arrangør: Offshore Norge. Stad: Madam Reiersen. Kjersti Dahle, direktør for sokkelutvikling, deltek frå Sokkeldirektoratet.
  • 12. august kl. 11.00–11.45: Er Norge Europas energigarantist? – Arrangør: Offshore Norge. Stad: Madam Reiersen. Torgeir Stordal, direktør, deltek frå Sokkeldirektoratet.
  • 12. august kl. 12.00–13.00: Uendelig sug etter olje og gass? – Arrangør: Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Energihovedstaden. Stad: Rygerelektra. Kjersti Dahle, direktør for sokkelutvikling, deltek frå Sokkeldirektoratet.
  • 12. august kl. 13.00–14.00: Hva er sokkelen verdt og hvem merker når det stilner? – Arrangør: OKEA, MS Brisen. Torgeir Stordal, direktør, innleier frå Sokkeldirektoratet.
  • 12. august kl. 15.00–16.00: 60 år med leting og verdiskaping: Hva vet vi om ressursene som er igjen på norsk sokkel? – Arrangør: Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Sokkeldirektoratet, Vår Energi, Aker BP, Equinor og IKM. Stad: Rygerelektra. Kjersti Dahle, direktør for sokkelutvikling, deltek frå Sokkeldirektoratet.