15. desember 2025
Ordførar i Sulda kommune, Mads Drange. Foto: Jarle Lunde
Suldal kommune:
Sel næringsareal ved Tysingvatnet – opnar for datasenter og grøn energibasert næring
Kommunestyret i Suldal kommune har einstemmig vedtatt avtalen om sal av næringsareal ved Tysingvatnet til ASP Eiendom AS. Avtalen opnar for etableringa av eit datasenter som vil kunne gi fleire nye arbeidsplassar og styrke lokal verdiskaping i Noregs største vasskraftkommune.
Tomta blir seld for 40 millionar kroner, og avtalen legg til grunn at kjøparen vil sikre tilgang på minimum 25 MW straum. Denne avtalen viser at Suldal er ein attraktiv kommune for grøne og framtidsretta næringar, og markerer eit tydeleg skifte: frå å vere ein kommune som produserer kraft – til ein kommune som også skaper verdiar og arbeidsplassar av krafta.
Grøn utvikling – på kommunen sine vilkår
Kontrakten inneheld ei rekkje sikringsmekanismar som skal ivareta kommunen og regionens interesser, og som sikrer at krafta, areala og moglegheitene kjem fellesskapet til gode:
- Kommunen har tilbakekjøpsrett dersom prosjektet ikkje blir realisert
- Vidaresal krev samtykke frå kommunen dersom viktige samfunnsomsyn står på spel
kryptoutvinning er forbode - Kjøparen er forplikta til å jobbe aktivt for å utvikle eigedomen i tråd med reguleringsplan og grøn næringsutvikling
Betydning for kommunen
Salet gir ein betydeleg eingongsinntekt, samstundes som ei etablering kan skape nye varige arbeidsplassar og bidra til lokale ringverknader.
Prosjektet støttar opp under kommunen sin strategi om å legge til rette for grøn industri og framtidsretta næringsliv basert på fornybar energi.
Ordføraren: – Ein god nyheit for Suldal
– Dette er ein god nyheit for Suldal. Vi har lenge hatt eit mål om å skape nye arbeidsplassar og utvikling basert på dei kraftressursane vi forvaltar. No har vi fått på plass ei avtale som både legg til rette for grøn næring, og samstundes sikrar at verdiane og styringa blir verande i kommunen. Dette er ein flott moglegheit for Suldal, og eit fint tilskot til næringslivet i kommunen, seier ordførar Mads Drange.
Bakgrunn
Området ved Tysingvatnet har stått utan utvikling i fleire år. Etter kartlegging, marknadsdialog og bodrunde har kommunen inngått avtale med ein aktør som har erfaring innan datasenterdrift basert på fornybar kraft. Avtalen regulerer ikkje om kommunen vil godkjenne eit datasenter, men gir rammene for ei vidare utvikling innanfor gjeldande reguleringsplan.