09.nov

Arena Ryfylke 2022: Haustens vakreste eventyr

Idylliske Jelsa, Norsk Stein, Wind Works Jelsa, unge stemmer, skaparånd og gründerspråk, skråblikk og analyser. Føredragshaldarar som økonomiekspert Remy Atle Bilsback i Sparebanken Vest og Geir Ims i Wind Works Jelsa. Idyllisk mat, idyllisk stemning og ikke minst årets Pilt-Ola pris. Velkomen til næringslivskonferansen Arena Ryfylke – haustens vakraste eventyr.

VIKTIG! Arrangementet er no fullteikna. Dersom du ynskjer å stå på venteliste, ta kontakt med Tor Øyvind Skeiseid på e-post: tor@ryfylkelivsgnist.no.

Me slår fast: «Ryfylkingen må bli fleire og yngre». Men, kor finn me ungdomskjelda og korleis blir ein fleire? Velkomen til Jelsa, og ein spennande langdag. Jelsa har bevis på at dei er både Rogalands flottaste og mest idylliske plass. Med knappe 250 personar kjenner jelsabuen på kroppen både moglegheiter og utfordringar innan storindustri, innflytting, fråflytting, hotellsatsing og litt for få ungar på oppvekstsenteret.

Ikkje drøy med å melda deg på. Dette er ei storhending denne hausten, med Ryfylke i fokus.

PS! Medlemmar i Ryfylkealliansen nyttar rabattkoden «ALLIANSEN» for medlemspris. Medlemmar i Næringsforeningen får automatisk medlemspris.

KLIKK HER for komplett program!

Programmet er tilpassa hurtigbåten fra Stavanger klokken 07.15, via Tau, Talgje, Fogn, Judaberg, Helgøy, Nord-Hidle, og Nesheim med ankomst Jelsa 08.35 – og retur igjen fra Jelsa klokken 18.25. KLIKK HER for mer informasjon!

For meir info om arrangementet, kontakt Egil Hollund i Næringsforeningen.

Arrangementet blir arrangert av Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen, i samarbeid med Suldal Vekst og Sparebanken Vest.

>> Avbestilling må gjerast innan sju dagar før møtestart.

 

Andre lignende møter:

04. nov 2024 -

Nettverksfrokost for nye medlemmer

12. nov 2024 -

Arena Ryfylke 2024: Kraftfull livsglede

14. nov 2024 -

Årets bedrift 2024

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner