Velkomen til ein kveld med måltidsglede som du gjennom drøsen, stemninga og måltidet seint vil gløyma. Det blir ekte smakar der kjærleik til maten er i fokus. Det heile blir servert med rause mengder historie, lidenskap og med respekt for råvarene.
Kom å møt folk. Ut over kvelden vil me dessutan få musikalske innslag frå pianist Vetle Raustein og vokalist Magnus Bokn. Det vil garantert bli stemningsfullt.
Sjå menyen i programmet. Arrangementet er i samarbeid med DNB på vakre Utstein Kloster Hotell.
>> For meir informasjon, ver ven og kontakt Silje Finnskog Jensen.
>> Vinpakke kan leggjast til ved påmelding, etter at du har lagt inn din kontaktinformasjon.
>> Eventuelle allergiar kan informerast om ved å skrive desse i kommentarfeltet ved påmelding.
>> No shows blir fakturert dersom avregistrering ikkje er gjort innan 48 timar før møtestart.
COVID-19
>> Det skal være trygt å møta oss! Næringsforeningen følgjer derfor alle smittevernråd fra Folkehelseinstituttet og myndigheitane.
18.00 Registrering og aperitiff.
- Eplegløgg på Tunet ved frammøte – Bålpanne og stemning!
18.30 Me går til bords.
18.35 Velkomen, ved Harald Minge, administrerande direktør i Næringsforeningen.
Jotunheimen møter Ryfylke
- Delefjøl for raust lag som får fram drøsen rundt bordet. Små rettar som vekkjer appetitten. Unik smak av sikrogn, lokal aure. Raudostkrem, fenalår. Heimebaka brød og piska nøttesmør.
- Sterlingkveite frå vakre Ryfylke. Arne Brimis byggotto med Skjåkgryn. Jærerter. Kremsaus.
- Musikalsk innslag fra pianist Vetle Raustein og vokalist Magnus Bokn.
- Skogsgris frå Klostergarden, Utstein Kloster. Smak av ulike deler på grisen, grønsaker frå Brimse. Sjysaus med sjalottløk og urter.
- Ryfylkeepler laga på to ulike vis. Handpiska krem smakt til med yoghurt. Eplesirup.
22.00 Takk for i dag.
Arne Brimi legger særleg vekt på bruk av naturlege råvarer og det å prøve å finne fram til den opphavlege smaken i maten.
Som administrerande direktør i Næringsforeningen, jobbar Harald Minge for utvikling, nye moglegheiter og vekst i heile regionen.
Pianist Vetle Raustein og vokalist Magnus Bokn har dei siste åra blitt kjente namn for mange, og samen er dei aktuell med julekonsert på Stavanger konserthus i desember.
© Næringsforeningen 2019-2025 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner