11.nov

Arena Ryfylke: Haustens vakraste eventyr

Leiarskap og verdiskaping, krafttak Ryfylke, oppdrett, eplemost og sider i verdsklasse. Føredragshaldarar som konsernsjef Hege Toft Karlsen i Eikagruppen og Lyse-sjef Eimund Nygård. Naturlegvis knallgod mat, naturlegvis topp stemning og naturlegvis i Hjelmeland. Velkomen til næringslivskonferansen Arena Ryfylke – haustens vakraste eventyr.

Velkomen til eit haustleg eventyr i Hjelmeland frå morgon til kveld. Nå inviterer trekløveret Ryfylkealliansen, Næringsforeningen i Stavanger-regionen (ressursgruppa for Ryfylke) og Ryfylke IKS til litt av ein spennande langdag i Ryfylke. Bli inspirert av dyktige næringslivsleiarar, med fokus både på leiarskap, verdiskaping og utfordringar for både små, mellomstore og store bedrifter. Knyt kontaktar, bli med oss på oppmuntrande bedriftsbesøk og gled deg til ein alle tiders festmiddag med det beste frå Ryfylke. Og kven får årets Pilt-Ola pris?

Denne samlinga trur me blir populær. Basen vår er Hjelmeland Samfunnshus, med føredrag, lunsj og spennande program på dagtid og festmiddag om kvelden. Bedriftsbesøk blir tidleg ettermiddagstid.

Ikkje drøy med å melda deg på. Dette er ei storhending denne hausten, med Ryfylke i fokus.

PS! Medlemmar i Ryfylkealliansen nyttar rabattkoden «ALLIANSEN» for medlemspris. Medlemmar i Næringsforeningen får automatisk medlemspris.

For meir info om arrangementet, kontakt Egil Hollund i Næringsforeningen.

Arrangementet blir gjennomført i samarbeid med Hjelmeland Sparebank, Helgøy Skyssbåt, Hjelmeland Bygg, Hjelmeland kommune/Hjelmeland Naturlegvis, MOWI, Partner Regnskap AS Årdal og Tytlandsvik Aqua.

 

>> Avbestilling må gjerast innan sju dagar før møtestart. 

>> Det skal vera trygt å vitja oss! Me fylgjer alle smittevernråd frå FHI og myndigheitene.

Program

09.00 Frammøte, registrering, kaffi og litt å bita i.

10.00 «Me vandrar saman» - slik du aldri har opplevd «Ryfylkemafiaen» før.

10.05 Velkomen til Hjelmeland … Naturlegvis, ved ordførar Bjørn Laugaland og prosjektleiar Jan Sverre Grimstad.

10.20 Boblande næringsliv, attraktivitet og Ryfylkepuls, aktuelt med Ryfylke IKS, Næringsforeningen i Stavangerregionen og Ryfylkealliansen.

10.55 Leiarskap og verdiskaping blant små og mellomstore bedrifter, ved Hege Toft Karlsen, konsernsjef Eikagruppen.

10.25 PAUSE

11.45 Krafttak Ryfylke, ved Eimund Nygaard i Lyse og Ketil Barkved, New Kaupang.

12.15 Navigera i det store for dei små. Intervju med nokre små og mellomstore bedrifter i Ryfylke, om verdiskaping og leiarskap.

12.30 LUNSJ Smaken av Ryfylke byr på ein herleg ryfylkelunsj.

13.45 Ut på busstur – næringsliv i praksis (du vel ei av to ruter).

Frukt- og lakserute: Vi skal innom Ryfylke finanspark/kontorfellesskap Hjelmeland, der Hjelmeland Sparebank og Hjelmeland Naturlegvis tar imot. Vi skal også oppleva fruktsatsing i Hjelmeland, med frukt, eplemost og sider i verdsklasse hos OmCider og vi skal til Tytlandsvik Aqua. Ryfylkemat med på turen. Wraps med King Mikal Salmon med meir.

Hard rock i Årdal: Vi skal til NorStone, oppleva kva Årdal har å by på, og vi skal innom Ryfylke finanspark/kontorfellesskap Hjelmeland, der Hjelmeland Sparebank og Hjelmeland Naturlegvis tar imot. Ryfylkemat med på turen. Wraps med King Mikal Salmon med meire.

17.10 Tilbake til Hjelmeland Samfunnshus.

17.30 FESTMIDDAG

Ryfylketapas med Smaken av Ryfylke.

Underhaldning.

Ryfylkequiz med glimt i auga.

Utdeling av Pilt-Ola-prisen 2021.

Utdeling av Merkevareprisen i Ryfylke.

20.30 VEL HEIM

Presentasjoner

Aktuelt fra Næringsforeningen, Egil Hollund

Arena_Ryfylke_2021.pptx

Aktuelt fra Ryfylke IKS, Øyvind Lundbakk

20211110_Ryfylke_IKS_Arena_Ryfylke_Lundbakk.pptx

Leiarskap og verdiskaping blant små og mellomstore bedrifter, Hege Toft Karlsen

211112_Ryfylkekonferansen 2021 (HTK) (003).pptx

Krafttak Ryfylke – New Kaupang, Ketil Barkved

069 Krafttak Ryfylke Arena Ryfylke 2021 KB.pptx

Krafttak Ryfylke – Lyse, Eimund Nygaard

Ryfylkekonferansen 2021_Eimund Nygaard.pptx

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner