14.nov

Arena Ryfylke 2023: Verdien av vekst

Korleis kan me veksa? Korleis er det å veksa? Må alle veksa? På Arena Ryfylke 2023 løfter me fram verdien av vekst. Mette Fossan, Helge Kjellevold, Ole Gunnar Fjelde, Elin Aasheim Rossemyr og Njål Skår er berre nokre av dei du møter – og me skal på busstur til pulserande Fiskå, Jørpeland og Tau. Garantert god mat, ein skikkelig god drøs og sjølvsagt årets Pilt-Ola pris. Velkomen til næringslivskonferansen Arena Ryfylke – haustens vakraste eventyr.

Arena Ryfylke er blitt den viktigaste møteplassen i Ryfylke når hausten får fotfeste. Arrangørtrioen Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen har med seg Strand kommune på arrangørsida og Sparebanken Vest som hovudmedspelar.

Ryfylke kan skilta med store verdiar, i eit vidt omgrep. Ja, frå det menneskelege til det materielle. Men, korleis nyttar me verdiane og får meir ut av det me har? Og korleis kan me veksa? Korleis er det å veksa? Men, må alle veksa?

Me set fokus på vekst, verdiar og verdiskaping. Ingen lange og tunge foredrag, men kort, godt, interessant, humørfylt og engasjerande. I beste Arena Ryfylke-ånd! For det er ikkje farleg å ha det kjekt, sjølv om me er seriøse.

Arena Ryfylke 2023 er tre godbitar i ei korg:

  • Aktuell Arena – føremiddag i den nye Tau kyrkje. Spennande gjestar og tema, korte og gode innlegg, lunsj og glimt i auga.
  • Satsing i Strand – busstur til pulserande Fiskå, Jørpeland og Tau. Då får ein bokstaveleg tala vann på møllå og god drøs.
  • Festmiddag med det beste frå Ryfylke sitt matfat, musikk, Ryfylkebegeistring og Pilt-Ola pris i den flotte Tau skole.

KLIKK HER for komplett program!

Me oppmodar til å bruka kollektivtransport der det er mogleg. Me har eit ekstratilbod til dei som reiser frå Sauda, Suldal og øyane i Finnøy/Rennesøy. Reis raskt og effektivt med hurtigbåt.

Ta ekstrabåt tur-retur Judaberg-Tau!

TUR: Frå Sauda går det hurtigbåt i rute 06.55, via Sand, Hebnes, Jelsa og så vidare. Denne båten er 08.40 på Judaberg. Her ventar Helgøy Skyssbåt og går 08.45 direkte til Tau, ankomst Tau 09.05. Ved dårleg vèr, hentar me med buss på Tau kai. Same ved retur.

RETUR: 19.40 med Helgøy Skyssbåt frå Tau direkte til Judaberg, ankomst 20.00. Hurtigbåt i rute frå Judaberg 20.15 og til Suldal og Sauda.

AFTERPARTY: For dei som ynskjer og har moglegheit, inviterer Agera til afterparty klokka 19.30 i deira nye kontorfellesskap «Ryhub» på Tau.

PS: Me går innom Fogn og Talgje også om det er passasjerar. Gje beskjed ved påmelding.

For meir info om arrangementet, kontakt Egil Hollund i Næringsforeningen.

Arrangementet er i regi av Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen, i samarbeid med Strand kommune og Sparebanken Vest.

>> Avbestilling må gjerast innan sju dagar før møtestart.

 

Andre lignende møter:

31. mai 2024 -

Lederskolen: Siste nytt om ledelse

04. nov 2024 -

Nettverksfrokost for nye medlemmer

07. mai 2024 -

B2B Speed Dating

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner