31.aug

MOR-konferansen 2023

Velkommen til den 8. kompetansekonferansen, som i år har fått tittelen «Kompetanse og rekruttering - heng det saman?»

Å lære heile livet er sjølve livet. Nyskaping og innovasjon krev at me alle må vera med og fylle på ny kunnskap gjennom arbeidsliva våre. Ryfylke satsar på kompetanse - og arbeidslivet utfordrar oss på at dette heng nøye saman med dei rekrutteringsutfordringar Ryfylke og Rogaland har.

Konferansen finn stad på Folkets Hus Sauda.

Programmet går over to dagar – torsdag 31. august og fredag 1. september, der torsdagskvelden er sett av til festmiddag i Folkets Hus i Sauda og NRK-profil og humorist Linda Eide, utfordrar oss me språkhumor.

Samarbeidspartnere: Rogaland fylkeskommune, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen.

Programleiar: Eli Nessa, leiar av Pårørendesenteret.

Program på nettsida her, med forbehold om endringar.

Ved påmelding, oppgje i notatfelt viss du har matallergiar.

Overnatting, sjå her.

>> No shows vil ble fakturert viss ikkje avbestilling er registrert innan 28. august.

For spørsmål, kontakt Egil HollundNæringsforeningen. 

Program

MOR-Konferansen 2023: torsdag 31.08. kl. 10.30 til fredag 01.09. kl. 13.45.

09.30 Registrering, kaffi/te og noko å bite i.

10.30 Velkommen til Ryfylke, ved Bent Høie, Statsforvaltaren i Rogaland.

BOLK 1 Har me fakta og kunnskap når vegvala skal tas?

10.45 Kva er kunnskap og kompetanse, og koss og kor viktig er det for politikkutforminga i Noreg? ved Ola Honningdal Grytten, professor ved Norges Handelshøyskolen.

11.15 Ryfylke er rik på naturressursar og produserer store verdiar som blir eksportert vidare ut. Ein region som planlegg folkevekst, men er det realistisk? ved Charlotta Mellander, professor ved Jönköping University.

11.45 Samtale med Sigmund Lier, påtroppande leiar for Haugaland vekst, Janne Johnsen, påtroppande kommunedirektør i Hjelmeland kommune, Ola Honningdal Grytten, professor ved NHH og Tone Grindland, leiar av NHO Rogaland.

12.35 Pause.

BOLK 2: «Alle snakkar om Ryfylke, men det bur jo ingen der»

13.00 Ryfylke og Rogaland er ikkje det same – koss kan fylket involvera Ryfylke og utfordre felles regionalpolitisk nyskaping og utvikling? ved Trude Frøyland, rådgjevar, seksjon for næring i Rogaland fylkeskommune.

13.30 Ryfylke treng eit hav av fag og yrkeskompetanse. Kva er oppskrifta? ved Leif Kjetil Knudsen, Senter for nyskapande utdanningar, engasjerande læring og auka samarbeid i høgare yrkesutdanning, Fagskolen Rogaland .

14.00 Lunsj.

BOLK 3: Valdebatt - open for alle. Debattleiar Harald Birkevold, Stavanger Aftenblad. Innleiing til debatt:

15.00 Arbeidslivet treng kompetanse – og rekrutteringsutfordringar gjer det vanskeleg for arbeidslivet å løysa oppgåvene sine. Utsynsmeldinga til regjeringa er eit viktig grunnlag i tillegg til rapport for kompetansebehov for Ryfylke, ved Ragnhild Bjerkvik, AOF Fagskolen.

15.30 Politisk kvarter - der fylkestingstoppar drøftar: Kven styrer best for Ryfylke? ved Ole Ueland, H, Frode Berge, Ap og Anne Kristin Bruns, KrF.

Fylkestinget – er det ein stad folk med grått hår samlar seg for å forme ung politikk? ved Vilde Bilstad, Sp, Sondre Undheim Lokøy, V, og Reidar Sand, SV.

Kva for rolle vil fylkeskommunen ta for at Ryfylke skal kapre ein større del av verdiane frå naturressursane i regionen? ved Asle Rafdal, Ap, Gunnhild Moe, V, Harald Halvorsen Løland, Sp, Gøril Gilje Helgøy, Krf, og Kristoffer Amdal, H.

17.00 Slutt.

19.30 Festmiddag i Folkets Hus i Sauda med utdeling av MOR-prisen – vilje til læring. NRK-profil og humorist, Linda Eide, utfordrar oss me språkhumor.

Program fredag 01.september:

BOLK4: Koss blir alle med?

09.00 Utanforskap - kva er det og er det ei utfordring for Ryfylke? Korleis møter me i så fall utfordringa? ved Espen Geelmuyden Rød, Ryfylke Samfunnsanalyse.

09.30 Samtale: ved Anne Birkeland, Nav Sauda og Suldal, Espen Geelmuyden Rød, Ryfylke Samfunnsanalyse og Nina Galta, leiar av Fontenehuset i Stavanger.

10.20 Pause.

Bolk 5 Å rekruttera krev kompetanseutvikling og innovasjon

10.40 I Østfold har dei gått heilt KOKO i arbeidet med å kople unge mellom skule og arbeidsliv. Eit Interregprosjekt mellom Østfold og Västergötland, ved Geir Endregard, direktør ved Inspiria og representant frå Innovation Science Västergötland.

11.10 Framtidsfylket forstår koss dei skal vinna dei unge heim - har Ryfylke noko å læra? ved Kine Vikse, rådgjevar i Framtidsfylket AS.

11.40 Pause.

12.10 Kunnskap, kompetanse og rekruttering - tre sider av same sak? Eli Nessa gjennomfører tre korte speed-intervjuer med: Thor Morten Bratli, ASAP Personal, Christin Møller, Trainee Sørvest og Anne Bratthammer, masterstudent NMBU.

12.45 Samtale ved: Helen Moen Gjuvsland, B&G Suldal, Agnes Kleppa, Fister Smolt/Tytlandsvik Aqua og Per Øxtra, student ved Høgskulen på Vestlandet, Hjelmeland.

13.30 Koss skal Ryfylke strekke seg - kva er oppskrifta? ved Torbjørn Roloff Heyerdahl, dekan ved Høgskulen på Vestlandet.

13.45 Lunsj og heimreise.

Programleiar: Eli Nessa, leiar av Pårørendesenteret.

Foredragsholdere

Agnes Kleppa

Anne Birkeland

Anne Bratthammer

Anne Kristin Bruns

Asle Rafdal

Bent Høie

Charlotta Melander

Christin Møller

Eli Nessa

Espen Geelmuyden Rød

Frode Berge

Geir Endregard

Gunnhild Moe

Harald H. Løland

Harald Birkevold

Helen Moen Gjuvsland

Janne Johnsen

Kine Vikse

Kristoffer Amdal

Leif Kjetil Knudsen

Nina Galta

Ola Honningdal Grytten

Ole Ueland

Per Gudmund Øxtra

Ragnhild Bjerkvik

Reidar Sand

Sigmund Lier

Sondre Undheim Lokøy

Thor Morten Bratli

Tone Grindland

Torbjørn Roloff Heyerdahl

Trude Frøyland

Vilde Bilstad

Andre lignende møter:

31. mai 2024 -

Lederskolen: Siste nytt om ledelse

04. nov 2024 -

Nettverksfrokost for nye medlemmer

23. mai 2024 -

Energifrokost: Biogass

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner