Død over dødtida

Død over dødtida

Ære vere dødtida. Den misforståtte utskjelte uproduktive tida mellom to oppgåver. Men er det eigentleg slik? At i dødtida så er ein heilt immun mot nye impulsar, eller kan vi erklære død over dødtida? Og ja til ‘levande mellomrom’.
08.mai 2023 Av Marte C.W. Solheim, professor og leder av Senter for Innovasjonsforskning, Handelshøgskolen ved UiS

Den siste veka har eg spurt tilfeldige folk eg har møtt på min veg, kva dei fyller den sokalla ‘dødtida’ si med? Nokre tyr til Netflix, medan andre er produktiviteten sjølv. Ein av dei sistnemnte er ein drosje-sjåfør eg snakka med. Eg spurte drosjesjåføren om han hadde site lenge og venta på haldeplassen til eg kom inn som passasjer. To timar hadde han site i bilen, forflytta seg nokre få meter fram, medan han venta på den neste kunden. Dette var heller vanleg, enn uvanleg, kunne han fortelje, og snakka om daglege lange økter med ‘dødtid’ slik som denne.

Eg spurte han kva han hadde gjort på i desse timane. Han svarte at han hadde arbeidd med å setje opp heimesida til det som han håpte skulle verte hans nye arbeidsplass: nemleg import av utanlandske varer til Noreg. Vidare følgde ein interessant diskusjon korleis han desse timane hadde nyttegjort seg av ChatGPT for å forenkle og forstå dei ulike import-reglane i Noreg, og til å omsetje relevant informasjon han kunne bruke på nettstaden sin.

Same dag eg snakka med drosjesjåføren, snakka eg også med ein mann som mellom vakter i si ordinære stilling som vernepleiar, arbeidde nokre timar som sjåfør. Så møtte eg ein nabo på nærbutikken som fortalte at ho brukte sonen si treningstid på å gjere innkjøpa til veka. Andre eg snakka med nytta tida medan dei venta på tog, fly, kjærast til å scrolle på tiktok, lese avis, eller kommunisere med vener og familie.

Et instrument
Desse enkle observasjonane og samhandling med tilfeldige menneske fekk meg til å reflektere over konseptet «dødtid», og kva vi menneske fyller denne med. Frå Store Norske Leksikon er dødtid «den tiden et registrerende instrument bruker til behandling av et inngangssignal og er ufølsom for nye inngangssignaler», og at omgrepet vert ofte nytta i høve «detektorer for ioniserende partikler (geigertellere, tåkekammer, boblekammer, gnistkammer) som ikke kan registrere kontinuerlig de partiklene som treffer dem. Hver gang en partikkel registreres, blir detektoren blokkert i et kort tidsrom, og dette kalles detektorens dødtid».

Detektoren vert blokkert og er ikkje mottakeleg for meir informasjon. Men slik er det ikkje nødvendigvis for oss menneske. ‘Unytta tid’ foreslår ordbøkene.no, med døme som «det var mykje daudtid i ferien». Kan hende kan vi snarare erklære død over «omgrepet» dødtid, (med mindre ein snakkar om elektronikk, og nye impulsar faktisk ikkje kan oppstå), og heller forbarme oss over denne dødtida. Om vi ikkje er produktive, slik som taxisjåføren eg møtte som nytta tida mellom to kundar til å planlegge si eiga framtid, kan hende kan vi heller famne om denne og tenke at denne gjer oss rikare? Vi kan fylle den med avkopling, oppgåver vi må løyse, og i så måte så er det ikkje lenger snakk om dødtid, men svært levande tid, som vi kan fylle med det vi ynskjer og det vi treng.

Kreativitet
Levande tid, ei tid mellom to oppgåver (som er sette og avklarte), medan denne tida i midten, står til di disposisjon. Denne tida er langt frå død, men i levande i aller høgste grad. Ved å kalle den dødtid, så drep ein potensiale som ligg i dette mellomrommet. Og det er ofte i slike mellomrom at kreativitet og nytenking kan oppstå, nett fordi at ein anten kan slappe av og let tankane fare, eller fordi ein kan utnytte tida til å snakke med eit anna menneske og lære noko nytt, eller gjere noko heilt anna. For det er det som er så flott med ‘dødtida’: det er ditt levande mellomrom for pust i bakken eller for å skyte fart.

Det er viktig med desse levande mellomroma i så måte at vi treng å ‘hente oss inn’, kople av, slappe av, men då er det ikkje ‘dødtid’, men faktisk svært så produktivt.

‘Dødtid’ står også i kontrast til ‘hamsterhjulet’ og at vi skal vere effektive heile vegen. Eg hugsar godt ei reklame frå då eg var lita. Ei dame såg på meg frå fjernsynet og sa at ho levde i tida, og forlangte effektivitet. Det å leve i tida, kunne ein forstå at det var einstydande med å vere travel, sprette rundt, medan ein tok seg godt ut. Men er det ikkje også å leve i tida å slappe av? Lese ei bok? Gå ein tur med ein nabo? Ta ein kopp kaffi med ein kollega.

Så då heiter det ikkje å «slå i hel tid» lengre, men heller å leve tid.

Andre liknende nyheter

Kronikk: Hva betyr geopolitikken for næringslivet?

Når vi går inn i mer usikre tider, blir det viktigere også for næringslivet å engasjere seg i utenrikspolitiske spørsmål.

Gruvedrift kan gi 1000 nye arbeidsplasser

Med statlig og regional vilje kan utvinning av mineraler i Eigersund kommune og videreforedling totalt skape 1000 arbeidsplasser. Til høsten starter N…

PROFILEN: Målet er en besettelse

Det strider kanskje mot en uskreven naturlov at en ung gutt fra det milde Sør-Vestlandet er det som skal til for å gjenvinne begeistringen og troen på…

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner